Ulsteinvik Frikyrkje er ein del av Den Evangeliske Lutherske Frikyrkja (les meir her)
Vi samlast som storfamilie for å feire gudsteneste annankvar søndag. Då møtast vi i Ulsteinvik bedehus som vi leiger for øyeblikket. For å lese meir om vår gudsteneste klikk her
Vi samlast også i mindre grupper der vi deler liv med kvarandre på godt og vondt, og der vi snakkar om trua og hjelper kvarandre til å følgje Jesus i kvardagen. For å vite meir om kvardagsgrupper klikk her
Vår visjon er at "Vi vil leie menneske nærare Jesus og tene Ulsteinvik med Guds godheit"
Vi vil prege og tjene samfunnet som vi er ein del av slik Jesus gjorde, og vi ønskjer å følgje Han. Vi trur at når Jesus får møte og prege menneske med sin kjærleik og nåde, vil dei prege andre menneske rundt seg, og på den måten vere med å bety ein positiv forskjell for Ulsteinvik. Dette vil vi gjere i felleskap, som ein familie der folk kjenner seg heime, høyrer til og bryr seg om kvarandre.
Vi vil også prege samfunnet aktivt ved å støtte gode formål økonomisk, i tillegg til at vi ønsker å aktivt bety ein forskjell og vise Guds godhet.