Gudsteneste

Gudstenestene er saman med kvardagsgruppene hovudfellesskapet vårt. Vi samlast til gudsteneste annakvar søndag kl 1100 i Ulsteinvik bedehus. Gudstenestene startar med ein kort del der alle aldrar er saman, deretter deler vi oss i vaksen-, tweens- og barnekyrkje. På familiegudstenestene er vi samla heile tida.

På gudstenestene feirer vi at Gud er mellom oss. Dette gjer vi ved å synge lovsongar og be saman og for kvarandre. Ein viktig del av gudstenesten er å lytte til forkynning eller undervisning. Her legg vi vekt på å vere bibelnær, samtidig som den som taler vil bruke eit språk som er kvardagsnært. Gjennom kvardagsgruppene tek vi opp det som har blitt undervist på gudstenestene. Målet er at det vi lærer og høyrer skal vere tydeleg med oss gjennom veka.

Ein viktig del av det å feire gudsteneste er å ha felleskap med kvarandre, derfor har vi normalt "kyrkjelunsj" på slutten av gudstenesta. Då set vi fram brød og pålegg, og her ønsker vi å legge til rette for å bygge tettare relasjonar mellom store og små.

Powered by Cornerstone