Bli givar

Ulsteinvik Frikyrkje sitt arbeid blir i hovudsak finansiert gjennom gåver. Pengane som blir samla inn, blir brukte til lokale, mat, løn til pastor, tekniske utgifter og annonsering. Samtidig ønsker vi å vere ei raus kyrkje som kan gi vidare til viktige formål i lokalsamfunnet.

Givartenesta står difor sentralt for at arbeidet kan vekse vidare. Vi vil difor oppmuntre alle til å vere med å gi. Alle gåver blir sett stor pris på, men om du kan tenke deg å binde deg som fast givar, er det det enklaste for både deg som givar og vi som kyrkje. Faste givarar gir føreseielege rammer for oss, og det er den enskalste måten å sette givartenesta si i system. 

Dersom du ønsker å gi ei gåve til Ulsteinvik Frikyrkje så kan du gjere det på fleire måtar:

  • Fast givarteneste med avtalegiro: Dette kan du gjere ved å fylle ut skjemat litt lenger ned på denne sida
  • Direkte til vårt kontonummer som er 3910 56 35498
  • Den enklaste måten å gi eit enkeltbeløp på er Vipps til 555024
  • I tillegg kan du gi kontant på våre gudstenester
Powered by Cornerstone