Kvardagsgrupper

Saman med gudstenestene utgjer kvardagsgruppene den andre delen av vårt hovudfelleskap. Gudstenesta er der storfamilien samlast, men vi treng også dei små felleskapa, der vi kan gå tettare på livet og på andre kristne. Difor er desse gruppene viktige. 

I kvardagsgruppene møtast vi i heimane annakvar veke. Vi et saman, snakkar ærleg om livet og om korleis vi har det med oss sjølve og med Gud. Vidare deler vi tekst og tema får førre eller neste søndag. Vi tek opp aktuelle spørsmål, undrar oss og samtalar.

Om du ønsker å vere med i Ulsteinvik Frikyrkje, bli kjent med folk, komme på innsida, vekse i tru og etterfølging av Jesus, anbefalar vi å vere med i ei kvardagsgruppe. Alle kvardagsgruppene er åpne for nye!

Dersom du har spørsmål eller ønsker å vere med i ei kvardagsgruppe, send e-post til pastor Eivind Landro: eivind@sulafrikirke.no

Powered by Cornerstone